Du er her

Villmannen fjelltriathlon 2009

Espen M. Christoffersens bilde

Skigruppa arrangerte som tidlegare annonsert tur til Villmannen fjelltriathlon på Beitostølen sist helg. Som vanleg sto både heil og halv distanse (Villbassen) pluss stafett og barneløpet Villtassen på programmet.

 

Mens nokon valgte å lade opp med 1. mai tog og Enebakk rundt på fredag reiste ein fortropp oppover til Beitostølen allereie på torsdag kveld. Samtidig som XP, 15t og dei andre sykla inn til nye rekordar og imponerande tider på Skullerud, gjekk fortroppen topptur i vårsola på Rasletind (2105moh). Om valget av lette konkurranseski fungerte perfekt på veg oppover i fjellet var det kanskje litt mindre ideelt ned igjen i vårsnøen, men god balansetrening vart det.

 
Ut over kvelden kom resten av gruppa oppover så totalt var det 12 Rye representantar når alle var framme og startnummer var henta. Fordelinga viste 7 startande Villmenn, 1 Villkvinne og 2 voksne Villbasser. I tillegg var vi heldige å ha med oss støttepersonell også i år.
 
Til tross for litt lett regn på laurdags morgon var forholda perfekte. På grunn av snøsmelting var langrennsdelen i år lagt nede på World Cup arenaen med 4 runder i 3km sløyfa for Villmenn og 2 runder for Villbassene. Sjølv om det var litt lite snø hadde arrangøren fått til flotte løyper på skikkeleg rødklisterføre. Sykkeletappen på 30km var den samme som tidlegare mens løpetraseen på 10km var litt endra sidan i fjor.
 
Resultatmessig vart det også i år topplassering med klasseseier i M41-50 og 4. plass totalt til Pål Cato Elshaug rett bak sterke unggutar som Even Olsen, Arne Post og Espen Østlien.
 
Alle Rye-resultat:
Villmannen (heil distanse)  
Pål Cato Elshaug 2:15:39
Leif Ivar Soleim 2:32:40
Espen Christoffersen 2:34:30
Aud Jørstad 2:53:20
Bjørn Anker Grimstad 3:00:20
Trond Frøshaug 3:00:20
Jan Diesen 3:03:31
Erik Almstrøm 3:11:05
   
Villbassen (halv distanse)  
Erik F. Halvorsen 1:41:18
Terje Sollien 1:43:38

 

Full resultatliste med klasseplasseringar og mellomtider:
http://www.emit.biz/races/2009.05.02/Vilmannen_2009/index.htm
 

 

Gruppe: 
Synlig: 
Offentlig - alle kan lese