Rulleskitrening hausten 2009
Publisert 14.10.2009 - 20:13 av Espen M. Christ...
Det er mange som har etterspurt rulleskitreninger i haust og eg har derfor lagt opp til tirsdagar kl 18 med utgongspunkt frå Årvoll i aktivitetskalenderen.
Sidan ingen i skigruppa har mulighet til å låse seg til denne dagen vil dette vere ei løst organisert trening der dei som møter opp tar litt ansvar sjølv for gjennomføringa.
Forslag til opplegg kan vere å gå oppvarming på den nylig opprusta sykkelveien langs Rv4 mot Gjelleråsen, for så å kjøre 4-6 drag i bakken frå lyskrysset på Bånkall og opp mot Gjelleråsen.
Det er som sagt fleire som har etterspurt denne treninga som vi hadde som fast økt for 2 år sidan, og det er heilt sikkert noken som blir faste gjengangere på Årvoll.
--
Skigruppa v/ Espen




Rulleskitreningane er i gang og fleirtalet har stemt for å framskynde treningsstarten til kl 17. Oppmøtested er fortsatt Årvoll Skole.
--
Skigruppa v/ Espen