Du er her

Kalascup: Fana GP - Heidi på pallen!

Tore Haslemos bilde

Heidi Harviken

I helga har NC Rye vore på tur til Bergen. Fana GP bestod av bakketempo fredag, og fellesstart laurdag og søndag. Byen med dei sju fjell kunne by på fæle klatringar heile helga. Steffen og Tore tok Hondaen over Hardangervidda fredag med utstyr og syklar, og møtte dei andre som kom med fly frå Oslo. På veg inn mot Bergen vart me møtt med eit teppe med regnbyger, noko som skulle følga oss frå start fredag til mål søndag. 
 

Fredag: Fanafjellet bakketempo
Fanafjellet er nesten 2 km med snittstigning på 10%, noko som tilsvarer nesten 200 høgdemeter. Til samanlikning er Grefsenkollen (Lachmannsvei-Grefsen) like lang, men med ca 125 høgdemeter. Rekorden opp her er ca 6.10 minutt og fredagens vinnar Stian Remme brukte 6.33. Det gjorde ikkje me. Frå starten er det ein liten flate, før bakken knekk skikkeleg. Fleire av oss starta nok for hardt, og syra kom pumpande tidleg i bakken. Når 500 metersmerket viste seg på asfalten sveiva eg på det lettaste giret, og dei siste 200 metrane er vel noko av dei lengste eg har vore med på. No er vel ingen av oss noko utprega Rasmussen eller Rujano, så ingen topplasseringar i det kraftige regnet og kastevinden fredag.  

Gulfjellet rundt
Me vakna opp til nok ein dag med regn, haglbyger og frisk vind.  Feltet skulle ut på ein lang runde over Gulfjellet (2,5 km lang stigning) og medan herrene avslutta med 3 kortare rundar over Fanafjellet (totalt 156 km), avslutta damene på Fanafjellet etter første passering (91 km).
Heidi og Henriette klaga på lurekøyring i dei foregåande fellesstartane, men med eit mindre dame- og juniorfelt i Bergen starta både M/K-junior og K-senior saman. Juniorherrene sette opp farten frå start, og drog dermed opp farten betydeleg i dameklassa. Dette passa køyresterke Rye-damer og Heidi kom inn til ein sterk tredjeplass og Henriette nummer fem!
Herreklassa: Alt på Gulfjellet sette Joker Bianchi og Sparebanken Vest voldsom fart og sprengde det 100 mann store feltet. Favoritten Remme (Joker) kom seg av gårde i ei femmannsgruppe, med feltet jagande bak. Over Fanafjellet sprakk hovudfeltet i mindre grupper, og på ”spurten” ved tredje passering sat både Steffen og Tore inn med gruppa som kjempa om 30.plassen.

Søndag: Lagunen GP
Søndagens fellesstart vart gjennomført i ei rundløype på 17 km, der herrene skulle gjennom åtte rundar, og damene tre.  Løypa var kupert, men med ei slak stigning på ca 150 høgdemeter tidleg på runden. I dameklassa vart det sett fart i alt på første runde, og ned frå fjellet vart det køyrt hardt i dei våte og vanskelege svingane. Heidi blei støta på av to Team Alfa jenter, men køyrde sterkt på flatene og på siste runde kom dei tre samla inn mot avslutninga. I s-kombinasjonen 100 meter før mål kom Heidi sist inn og tapte spurten, men Heidi tok ny tredjeplass og  andreplassen samanlagt! Henriette vann sin spurt om femteplassen og fekk med det fjerdeplass samanlagt. I herreklassa var Steffen uheldig då ein rytter framfor han rauk kjedet og velta. Steffen måtte svinga unna, og traff ein fortauskant og punkterte. Både Steffen og Knut Jørgen stod av i løpet av dagen. Tore punkterte mot slutten av fjerde runden, og når ingen i servicekøen stoppa for å gi hjul så blei det solokøyring siste halvdel av dagen inn til 42. plass. 

Jentene har levert ei veldig bra helg, og sidan Fana er kategori 2, og gir doble poeng i cupen, klatrar Heidi og Henriette også bra samanlagt. 

Relaterte artikler: 
Gruppe: 
Synlig: 
Offentlig - alle kan lese