Du er her

Lofoten Insomnia Race

Tore Haslemos bilde

Lofoten Insomnia Race (LIR) er eit ferskt ritt på den norske terminlista, men har ambisjonar og potensiale til å veksa seg til ein klassikar i storslått natur. Dei fleste klassane startar seint om kvelden, og slik at ein får sjansen til å oppleva midnattssola og samstundes unngå trafikken. Expresslaget planla alt før jul å delta i 2009 versjonen, og rekrutterte ryttarar til eit timannslag i lagtempokonkurransen som går dei 25 mila frå Å til Lødingen. 

 

 

A-Å

Parallelt med planlegging av årets andre satsingsritt, har XP jobba med deltaking i Lofoten Insomnia Race. Det å frakta utstyr og mannskap opp til Lofoten stiller litt andre krav til logistikk enn vanleg, men eit velregissert opplegg frå Ole Petter gjorde at det stort sett berre var å nyta turen. Ole Petter passa dessverre ikkje på at alle stod opp torsdag morgon. Med eit like stort sjokk som kaptein Gulliksen vakna ein halvtime før starten på Trondheim-Oslo, vakna kaptein Haslemo denne gongen ein liten time før flyavgang til Bodø. Alle var likevel samla når ferja frå Bodø tøffa til Moskenes heilt ytterst i Lofoten. Me vart sjarmerte frå første stund.  Det var knapt ei bølge på overfarten over Vestfjorden, og ein kunne skimta Røst og Værøy ute i havet. Ferja hadde anløp inn i Sørvågen, eit lite fiskevær med fargerike båtar og sjøhus, omkransa av knallgrøne fjellsider og høge tindar. På kaia vart me tekne i mot av Rye-veteran Tor Amundsen, som har vore med i støtteapparatet til XP ei rekkje gonger. Tor har hus like ved ferjekaia og stilte også denne gongen opp som lokal guide, fotograf og følgemannskap.

Steinar, Rune Morten og Solveig på ferja over Vestfjorden

Avslappande rittdag

Start om kvelden er ikkje Expresslaget familiære med, men det var ganske deileg å ikkje vakna smånervøs av vekkerklokka fire om morgonen med eit par timar til start. Innlosjert i ei nysrestaurert sjøbu vakna me i staden til måkeskrik og ein lang avslappande frukost. Me monterte syklane og tok ein liten tur for å inspisera litt av løypa. Traseen skulle ta oss gjennom heile Lofoten; frå smale vegar og lokalsamfunn dei første mila, til store bruer og undersjøiske tunnelar på Lofast til Vesterålen. Ut over dagen kom også vinden som lova, nordaustleg kuling. Når ein skal sykla 25 mil i nordaustleg retning er ikkje det optimalt, men likevel langt betre enn regn. For trass i at vimplane blafra rett i mot oss på start, skein sola frå ein lettskya himmel.

 Når ein kan letta hovudet frå puta og sjå ut på dette er ting i orden (klokka har passert 01.00)
 

Sturla og Bjørn gjer seg klar
Blowin in the wind

Rye starta som første timannslag 21.30 fredag kveld, med fjorårsvinnarane Tromsø fem minutt bak oss. Me la ut på ei rekkje for å koma trygt forbi dårleg asfalt og møtande tyske bubilar, men sette snart i gong rulla for å køyra meir kompakt mot sidevinden. Slike vindforhold som det var i Lofoten denne kvelden finn ein ikkje rundt Oslo, rulla sleit med å halda 25 km/t i motvinden og passerte femti i slak motbakke på partier med medvind. Innerst i ei trang bukt var eg sikker på at heile laget skulle blåsa på sjøen. Ti mann med Zipp 808 og tempohjelm er lett bytte for ”nordvesta”, og det var komisk å sjå korleis folk lena seg nesten førtifem grader på vinden for å halda seg på vegen. Ein halvtime etter midnatt rulla me over ein bakketopp mot nord, og ei stor glødande sol blenda oss oppe på himmelen. Me var fortsatt fulltallige, og la inn ein liten stopp for at folk skulle få ”nyta utsikten” og få i seg litt mat. Kastevind og variert terreng er både teknisk- og fysisk krevande, og det vart vurdert som samla sett lønnsamt å stoppa for å få i seg litt ekstra mat. Etter ca 18 mil fekk me sekundering på at Tromsø var ni minutt bak oss, og me bestemte oss for å auka farten.

Det blei køyrd lagtempo dei første par mila langs fiskehjell og sjøbuer.


Lofoten, ofoten, høyfjella

Terrenget gjekk gradvis over frå små fiskevær til eit meir alpint landskap, med E10 som slynga seg over sund og gjennom dalføre. Traseen var ganske kupert, med godt over to tusen høgdemeter. Enkelte var bakpå halen litt, men laget viste imponerande køyremoral i vinden, og berre unntaksvis var rulla mindre enn åtte mann. Me var innom Troms fylke ein liten tur, før me stupte ned mot Ofotfjorden og målgang i Lødingen. 06.53 på 25 mil gir ikkje den vante snittfarten over førti, men fasiten var alle ti mann til mål og over eit kvarter ned til nærmaste konkurrent - Tromsø. Laga som kom lengre bak klarte heller ikkje passeringstidene til Rye, og sigeren i lagkonkurransen var sikra.

Sissel sykla distansen frå Kabelvåg til Lødingen, 11 mil solo, og kom inn før Knut Jørgen

Helt om dagen, helt om natta

Dette ordtaket fungerer ikkje heilt denne gongen, i og med at både konkurranse og bankett foregjekk på nattestid. Lødingen sjølvtitulert som ”sørlandsbyen i nord” la i alle fall til rette for at syklistane (og alle dei lokale) skulle kosa seg etter målgang. Det var premiering i alle klassar, inkludert  ”festklassen” som hadde sykla frå kommunegrensa. Ordføraren var på plass og varmeviftene sørga for sørlandsk varme i festivalteltet.

Me kasserte inn eit solid bidrag til reisekassa.

Sidan Tor sin bil skulle tilbake til Å seint laurdag kveld, fekk nokre av oss oppleva løypa i retur.  

 

Å-A

Søndag sleit møre syklistlår seg opp bratte Nordlandsfjell, før ferja og flyet tok oss tilbake til Oslo. Gruppa sat igjen med med stor sjekk frå Sparebanken Nordnorge og mange flotte minner i sykkelkofferten. Det var ei fantastisk helg i Lofoten. Me oppfordrar alle til å prøva seg neste år, om ein vil fullføra enten i festklassen frå kommunegrensa eller sykla 60 mil frå Å til Andøya og tilbake til Lødingen.
 

 Tor nyt utsikten ut mot Røst

 Pål Inge ler av Jan som ikkje var like komfortabel med fjellhyller som med å sykla langt og fort

Sturla "Smoothie" Rusånes gjer seg klar til start

Erik hadde ikkje med seg sykkel, men gjorde i staden ein solid jobb som directeur sportif

Rune utførte ein solid jobb i rulla, og køyrde seg også opp etter tekniske problemer mot slutten

Pål Inge på plass i festivalteltet, klokeleg med allværsjakka på seg, før nordlendingane fekk opp dampen inne i teltet (det var ca åtte grader på kaien i Lødingen)

Ole Petter gjorde ein kjempeinnsats som turoperatør

Gruppe: 
Synlig: 
Offentlig - alle kan lese

Kommentarer

Marius Ronheim Heiers bilde

Gratulerer så mye. Kult med pengepremiepott!

Bjørn Saksbergs bilde

Bilder fra arrangøren finner du her
Det er også lagt ut masse bilder her

Bilder tatt av Tor Amundsen kan sees her

Bjørn Saksberg
Leder av ressursgruppa XP